Bokføring av reiseutgifter

Ein ansatt har levert ei reiserekning med reiseutgifter og diett spesifisert. Eg antok at det vanlege var å føre heile reiserekninga i forbindelse med lønskøyring, men rekneskapsprogrammet eg brukar (Mamut Office Prof.) har i utgangspunktet ingen lønsart for refusjon av private utlegg. Diett er derimot OK.

Kva er den enklaste måten å få dette bokført? Vi er eit lite firma, og har veldig få reiserekningar. Bør eg ta diettutgiftene på lønskøyring, og dei andre reiseutgiftene som eit separat bilag for refusjon av private utlegg? Skal reiserekninga då inngå som dokumentasjon på både lønskøyring og det andre bilaget? Eller bør eg opprette ein lønsart for refusjon? Kva parametre skal i så fall denne lønsarten ha?

Spørsmål fra Tor.

Spørsmålet ble stilt den 08-07-2012.

Ligger under emnet: Regnskap.

Ingen svar

Vet du svaret på dette spørsmålet? Hjelp til ved å bidra med ditt svar.

Ditt svar